Utmarksslått i gamle dager. (Fotografi fra boken «Med bårstang «saapilaat» og «siipi»» Vestre Jakobselv utmarkslag, 1996)

 

Slik kom høyet i hus i tidligere tider. Del 2.

 

Av Reidun Mellem

 

Forfatter Reidun Mellem. (Foto: Privat)

Det var vanlig skikk at bygdefolket drog til fjellslåttene samtidig – når heimeslåtten var ferdig og veret syntes å vere noenlunde stabilt. Det var også trivelig der oppe med folk og virksomheit på alle kantar, med mange kaffebål og rop og latter. Også barna var med i arbeidet, men det var også tid til å plukke blåbær eller å fiske røye i elva med fiskekrok og makk eller med strøypeløkke: ein ring av messingtråd der fisken svømte inn, og då var det viktig å rykke lynsnart til, slik at fangsten blei vippa på land. Men her måtte dei vere veldig aktsomme, for nede over vollen gikk elva i store svingar, og nettopp i yttersvingane var det at ho grov seg inn under torva, og her var ho også veldig djup, så derfor var det viktig å unngå dei farlige kantane.

Mannfolka og dei store gutane var i gang med ljåane. Nederst på ljåskaftet var det sett på ein liten heimeprodusert vinge – ein siipi – som skulle hjelpe til med å samle det korte fjellgraset i skårgongar. Ein mjuk seljekvist var forma i ring og fylt opp av eit rutenett av messingstreng eller tynt snøre og festa nede på skaftet. Det var eit viktig hjelpemiddel her oppe. Kvinnene hadde sin jobb å ivareta: først å rake sammen og dernest å spreie graset utover i høvelig tynne breier, slik at det kunne tørke på bakken. Seinare blei alt samla på stakeplassen. Bestefar hadde ein lett slede der oppe, som blei brukt til å kjøre fram gras til staken. Vi hadde ikkje hest, men eldstebror Johan hogg ned ei greinrik selje, og den brukte vi når vi skulle frakte gras. Vi syntes vi hadde store lass her, og dei største barna utgjorde trekk-krafta. Bestefar hadde leigd slåttekar med, helst han Hans Fagerhaug, men ho tante Helga, som var både stor og sterk, ho var ofte med og brukte ljåen. Og så kjørte ho gras med hest og slede, helst med gammel-Brona, som var meir fredelig og snill enn unghesten Stella.

Tørrhøyet ble etter kvart samla og sett opp i ein stake. Mellom to rader med kraftige staurar blei riskvistar lagt på bakken, og gjerne noen tomme papirsekkar også. Så blei det tørre høyet kjemt i store buntar og fylt inn der, heilt til topps. Gamle fiskegarn, solide tomsekkar og presenningar blei strekt over til sist – alt for å halde høyet på plass og verne det mot snø og regn. Der skulle staken stå til utpå vinteren. Då kunne høyet hentes ned med hest og slede. Men før høyet kom på plass så var det ein viktig ting å gjøre: å dele ut ein liten rasjon til musa, ho «pikku-hiiri». Ein neve tørrhøy blei plassert i kvart hjørne, og pikku-hiiriverset blei lest på kvensk. Og då var saka klar: noe meir enn det fikk musa ikkje røre! Ein av naboane der heime fortalde eingong om kva han hadde opplevd: Då han om vinteren kom for å hente ned eit høylass, då såg han så uvanlig mange musespor omkring høystaken sin. Han følgde spora bortover vollen – «og då såg eg at dem hadde sjette blod,» sa han. Og det meinte han var straffa for at dei hadde forsynt seg av meir enn det dei hadde lov til å røre. Denne kvenske metoden var kjent og brukt for dei fleste høyståla her nord til opp i 1950-åra, trur eg.

Slåttekar i arbeid. Legg merke til oppsamlingsvingen som er påmontert like over ljåbladet. (Tegning laget av Alfred Reisænen, fra boken «Med bårstang «saapilaat» og «siipi»» Vestre Jakobselv utmarkslag, 1996)

Ut i februar, når dagane begynte å lysne, då var tida inne til å hente høyet ned fra fjellslåttene. Igjen måtte dei vente seg fram til lagelig ver- og føreforhold, og igjen sette av noen dagar til arbeidet. I bygda fantes det dengongen tre hestar, og både dei og alle mannfolka som hadde høy å hente, måtte vere med for å klargjøre kjøreveg gjennom snøskavlane. Og ikkje minst oppover og nedover brattsidene. Dei starta grytidlig om morgonen, for å rekke to turar for dagen. Det var viktig å stå på, for vegen kunne kva tid som helst fyke igjen eller forsvinne under tonnevis av nysnø. Hovudproblemet var den lange og bratte stigninga opp til Nervatnet. Her gikk den snøtunge fjellsida skrått nedover til elva langt der nede, så her kunne både hest og slede rause utfor. Metoden for karane var å bruke spadane sine og skjere seg inn i snøfonnene, slik at det blei ein bratt vegg opp mot fjellet og eit solid og fast underlag for hest og slede nedanfor. Tungt og langvarig arbeid, men dei visste korleis det skulle gjøres. På toppen her venta Nervatnet, der det var lett å kjøre over isen, om det då ikkje var så altfor mye snø der. Og på venstre sida av fossen mellom dei to vatna var det eingong blitt laga ein kjøreveg for denne transporten, så her gikk det greitt å måke vekk det meste av snømassane og få til ein ganske trygg transportveg for lassa som skulle nedover. Og etter endt stigning her så hadde dei Øvervatnet med det gode isdekket sitt, før hestane etter kvart kunne svinge inn mot eigen høystake og få seg ein god kvil – med velfortjent matpause for både folk og dyr.

Yngstebror Åsmund og eg var eingong så heldige at vi fikk vere med far og hesten Stella på ein slik tur. Dei to eldste søskena våre var trulig opptatt med skolegang den dagen. Heile den fine turen sit enno vel bevart i minnet mitt. Det var i februar, og sola var i ferd med å komme tilbake etter mørketida, men hadde enno ikkje nådd fram til heimen vår. Men der oppe på fjellet møtte vi ho i all sin glans, akkurat då vi kjørte over isen på Øvervatnet. Glitrande solskinn over snødekte fjell mot ein blå himmel, det var litt av ei lysoppleving! Dobbelt frydefullt – fordi vi da stod oppe i sleden i lag med han far, mens hesten langa i veg i fin fart. Vel framme hjelpte vi til med å fylle lasset og med å trakke ned høyet, men til sist måtte far sjøl klatre over grinda og trakke grundig, slik at det blei stødig og beint på alle kantar. Og så vidt eg minnes så fikk vi sitte på lasset over isen på dei to vatna, og det var ikkje lite stas.

Før i tiden var hele familien med på slåtta, enten den foregikk nært gården eller høyt til fjells. (Illustrasjonsfoto: Alf E. Hansen)

Men om det gikk tålig bra å komme seg opp etter ein forholdsvis bra veg, så var det slett ikkje enkelt å komme seg velberga ned den siste brattsida. Vegen var smal, og det var stadig fare for at lasset kunne tippe over og rive med seg hesten også. Det var derfor vanlig å surre kjetting på venstre sledemeien for å hjelpe til med å bremse i den lange unnabakken og for å holde sleden på plass i sporet. Ein vaksen medhjelpar måtte i tillegg stå på denne meien nedover, for å sikre lasset. Ho tante Helga fortalde at ho brukte å vere med han bestefar heile to slike turar for dagen, for bror hennes var så mye yngre enn henne. Og då var det ho som stod på sledemeien fjellsida nedover, og gjett om det gikk fort! Men slik kom utmarkshøyet heim til gården, og da lukta det så friskt og fint i høylaet. Og eg veit ikkje anna enn at husdyra var glade i denne sommarsmaken. Så var det også ein velkommen ressurs for gårdbrukarane. Slik kunne dei fø fram ein større buskap enn det som elles hadde vore mulig. Det var ikkje minst viktig i dei fem krigsåra.

Siste krigsåret kom tvangsevakueringa for Finnmark og Nord-Troms. Sørafor Lyngen rakk fienden ikkje å snaubrenne bygdene, men dei sarva ned husa med hardt bruk, og i bygda vår var tømmerveggane i fjøsa saga ned og brukt til brensel. På fjøset vårt var det tunge skifertaket i ferd med å sige ned mot bakken då vi våren 1945 kom heim igjen. Riving og nybygg blei løysinga her. Første vinteren var det nokså få husdyr i bygda, så derfor klarte dei seg med det som vaks på heimevollane.

Og utmarksslåtten oppe ved Øvervatnet blei seinare ikkje tatt opp igjen. Men i allefall vi barna sakna lenge dei gode sommardagane der oppe. Fisking, bærplukking og sauesanking foregikk jo der i fjelldalen i åra etterpå, i seinare tid også litt hyttebygging. Men vi barna fra den gongen, som no er å finne i oldeforeldregruppa, vi gjømmer nok stadig på eit vakkert minne – med folk på alle slåtteteigane, med flittig høya-ståk og leven – og med kaffebål og rop og latter over alt. Og med strålande solskinn over alle fjell.