Johan Edvard Dalheim på sine eldre dager. (Foto: Privat)

 

Kvenen Johan Edvard Dalheim (1897–1981), 
portrettert av Reidun Mellem. Del 4: Fra fiskar til vegarbeidar.

 

Han far dreiv enno med Lofot-fiske, og på reisedagen følgde vi han ned til fjæra når dei skulle dra ombord på skøyta. Gårdane på Elvevoll hadde flaggstenger, og flagga gikk til topps både på reisedagen og på heimkomstdagen. Ei kjærkommen helsing til dei som drog – og det samme når dei 3 månader seinare kom heim igjen. Flaggheising på 17. mai var enno ikkje vanlig i bygda vår, men flagg på halv stang var fast skikk ved gravferder.

Han far fortalte seinare at han alltid stod bak rorhuset når skøyta gikk ut – for å kunne se oss så lenge som mulig. Han var jo flink til å skrive brev, og han sendte alltid heim ein stor kasse med fisk, lever og rogn, overdryssa med isbitar. Alle heimane fikk ein slik «konekasse», og dei som fikk først, lånte gjerne ut ein kokning til sine nærmaste – og fikk det tilbakebetalt så snart deires eigen kasse nådde fram.  Men å fare på havet var ikkje det beste han far visste, så no fikk han fast arbeid på land: å ta vare på vegen i området – om sommaren med å slette ut spor, fylle sand i gropene, rydde vekk stein og reparere flomskader. Om vinteren med å måke vekk skavlar, hogge bort is og passe på at bekkane holdt seg i grøftene sine. Då hendte det at eg som småjente fikk jobben med å dra ut med mat og kaffi til han. Vi hadde ikkje termos den gongen, men mor fylte varm kaffe på ei flaske og pakka ho godt inn mot kjølda, og då var kaffien enno ganske varm når far fikk den i hendene.

Om vinteren brukte eg den kraftige sparken han hadde laga til oss. Eg minnes enno at eg eingong i ein unnabakke kjørte rett inn i snøkarmen ved sida av vegen. Då blei eg bra sint på meg sjøl, for eg tenkte at no såg ho Hansina sikkert i vinduet og forstod at eg var bra dårlig til å kjøre spark. Desto gladare blei eg då ho i neste søndags-forsamling kviskra til ho mor at ho hadde sett meg kjøre forbi huset hennes med ein stor spark – og at ho då hadde sett kor flink eg var til å styre den!  Med jordbruket gikk det bra. Fjøset blei etter kvart fylt opp med dyr, og for å skaffe litt ekstra for så var også vi, som dei andre i bygda, på utmarksslått oppe i dalen – åvom Øvervatnet. Graset der var kort og blei slått med ljå, påsett ein liten venge – ein siipi – for å samle dei korte stråa. Så blei det samla saman og tørka på bakken, og til sist hamna det i ei stor stake. Men først blei det lagt ein neve høy i kvart hjørne av staka, samtidig som dei leste eit vers på finsk til «pikkuhiiri» – lille musa – at dette var deires rasjon og ikkje noe meir. Så breidde dei over med sekkar og presenningar, og no fikk høyet stå der og vente på å bli kjørt heim på vinterføre.

Litt av eit kunststykke var det å få hest og høylass velberga ned den bratte fjellsida, men der hadde karane i bygda først måka ein pålitelig kjøreveg gjennom snøfonnene. Teknikken omkring fjellslåtta og vintervegen kunne dei godt, nedarva som han var fra generasjonane før. Så kom då dalhøyet inn på låven – og spreidde om seg ein søt duft av sommar og gode sommardagar oppe i fjellet, og det såg ut for at dyra likte denne kosten riktig bra. I bygda vår fantes det dengongen to revegårdar – begge med sølvrev. Han far hadde lyst til å prøve om dette kunne bli ei lita attåtnæring, så no sette han opp lange nettingbur på ei slette nede ved fjæra, alle med romslige trebur som overnattingsplass for dyra. Så kjøpte han inn sølvrevtisper og eit hanndyr, samt det som trengtes til matstell for dei, mellom anna ei kraftig kjøttkvern. Kor han lærte seg framgangsmåten for alt dette, det veit eg ikkje. Men det gikk etter kvart bra med denne drifta. Seinare fikk han også lyst til å prøve den nye sorten som kaltes platinarev. På Dyrøya i Troms hadde dei på forunderlig vis fått fram rev med lys pels, i kvitt og fleire gråtonar, og no hadde det kommen noen slike til eit fåtall pelsdyrgårdar i Tromsø. Her fikk han far avtale med Widding gård i Tromsdalen om kjøp av ein slik rev, og så sykla han dei ti mila dit. Han hadde tenkt å overnatte i byen og så sykle heim neste dag.

Men akkurat då vi var i ferd med å gå til sengs heime, då hørte vi at ein sykkel blei sett imot veggen ute. Då hadde han sykla dei ti mila tilbake igjen – og det etter dårlig grusveg! Og først hadde han vore nede i revegården med nydyret. Litt av ein arbeidsdag, kan ein trygt seie. Seinare fikk han kjøpt inn fleire slike platinarevar, så då hadde vi ein liten stamme av det slaget også. Under krigen kom det eingong eitpar ikkje heilt edrue tyske offiserar dit ned og begynte å leike seg med skytevåpna sine. Han far måtte då skynde seg dit for å be dei slutte, for dette var i kvalpingstida for tispene, og slike skarpe smell kunne føre til at dyra blei så skremte at dei drepte kvalpane sine. Men dette var ikkje populært for halvfulle krigsmenn. Dei gikk mot han far, tok tak i jakkeslaga hans og trua med å skyte han. Men han far tok det rolig og sa fra at dette ville han rapportere til kommandanten deires, som bodde på skolen i bygda. Då blei dei spake og tusla seg derifra. Og dei kom ikkje igjen.

Han far hadde også eit gevær, som gjerne blei kalt for «kobbestauren». Trulig var det høvelig til å skyte kobbe med, og slike kunne av og til vere å se ute på fjorden. Men eg kan ikkje huske at han far gikk på jakt med gevær. Eingong fikk ein nabo låne våpenet. Då hadde han kjøpt den gamle Sandør-gampen og skulle skyte den til mat for dyra i revegården sin. Og våpenet virka. Då krigen kom til landet, så blei det forbudt for sivile å ha våpen, så ho mor ville at dei skulle ro ut og kaste geværet på sjøen. Men eldstebror Johan gikk langt opp i fjellsida og gjømte det i ei djup fjellhole, og derifra kunne han hente det ned igjen då krigen var slutt. I kvenbygdene var det stor vilje og stor kunnskap omkring det å kunne klare seg sjøl. Og kvenane kunne det meste. Det var ikkje bruk for å spørje andre om råd når eit arbeid skulle utføres. Han far samla høvelig stein og sette opp mur til høyløedelen av fjøset samt den solide sokkelen til låvebrua. Under tømmerdelen hadde han støypt ein kraftig mur. Han murte også opp fjøskjellar til to sommarfjøs – først ein øvst oppe på vollen og bygde fjøs på den.

Mange år seinare flytta han sommarfjøset nedfor bakkane, slik at melketuren dit skulle bli lettare for ho mor både morgon og kveld. Og det aller meste av utstyr og ting som vi trengte i heimen, dei laga han sjøl, store saker som høyvogn med eiker og med jernband omkring hjula og høge grinder for tørrhøylass, samt slede, kjelkar og spark. Han laga skeiser til oss – tilforma treklossar med gamle ljåblad som egg, og dei blei bundne på sko eller komagar med solid snøre. Visst var dei brukbare! Og når skituppane våre var blitt for flate, så bøyde han dei opp ved hjelp av ein avrunda trekloss og kokande vatn. På tidligvinteren fikk vi påsmurt eit tynt lag tjære under skiene våre, og etter noen dagars bruk blei dei utrulig glatte og fine. Skivoks hadde vi ikkje, men hadde heller ikkje bruk for det. Og eldstesøster Asbjørg husker godt at han far laga ski til henne. Viktig utstyr til heimen kom også fra hendene hans far: skap, kjøkkenbenk, vogge, senger, krakkar og langbenk, hyller, bord og fleire kommodar. Endåtil fleire vevstolar, først ein solid sak til ho mor, med utstyr til å veve til og med damaskdukar! Han laga også ein fin vevstol til meg, som eg på grunn av skrivearbeidet mitt fikk altfor lita tid til å bruke. Men eg hadde arva fortelje-gleda i familien og måtte ta meg av den. Han borka skinn og sydde komagar til oss – kalveskinn nede i foten og sauskinn oppover leggen – og han halvsålte sko. Og ikkje bare det: Vi hadde litt lang veg for å hente vatn i Storelva, så han prøvde stadig å finne vassåre til ein brønn på den store hustomta vår. Fleire karar i området meinte seg å kunne finne slik vassåre ved hjelp av ein kvist, gjerne kalt ønskekvist – av selje, trur eg.

Fleire av dei hadde vore i aksjon her, og han far grov i alt tre brønnar. Ein raste saman før han var erdig, den andre hadde nok vatn, men blei ikkje djup nok, fordi han traff på berg i botnen. Den tredje fungerte bra, og no la far inn automatiske drikkekar til kyrne. Ei tid seinare fikk vi eit vassverk i bygda, med inntak fra sjølvaste Storelva. Då fikk folk reint og klårt vatn som kom heilt oppe fra Blåisen – både i bygda vår og til alle hus ei mils veg utover fjorden. Hos oss hadde vi ein open heim med mange besøk og mange kaffikoppar på kjøkkenbordet. Men også langvegsfarande  gjestar til overnatting. Vi var med i forsamlingsruta, og foreldra våre besøkte søndagsforsamlingane så langt som dei kunne nåes med sykkel. Far likte godt å diskutere politiske emne, men deltok ikkje aktivt i politisk arbeid. Begge stemte dei Venstre i alle år før krigen. Etterpå flytta dei over til Kristelig Folkeparti. Dei var svært interesserte i skolen sitt arbeid, og far tok på seg å vere kretsformann for skolen i bygda. Og det blei til at det var vi som hadde nærkontakten med lærarane som jobba der.

Dei to brørne våre trente seg opp til dyktige friidrettsfolk, og far likte godt å vere blant publikum når dei deltok i konkurransar – heile tida med veldig gode resultat. Og vi var ute på tur. Heile familien. På sommarsøndagane drog vi til skogs med kaffikjelen – til bål og skogskaffi og noe godt attåt. Alle i familien sette stor pris på det. På sine eldre dagar gikk han far på ski kvar dag, så sant det var laglig ver. Kanskje helst for å holde seg i form. Han var alltid ein ivrig heimefiskar og kunne alle viktige mear på fjorden. Derfor kom han ofte heim med fangst: torsk, sei, hyse, steinbit og kveite. Å få storsei om sommaren, det var riktig ein fest – til seimølje eller til seibiff. Fiske etter smårøye i elva og i fjellvatna overlet han til oss ungane. I vedsvala stod ei tønne med «rødsei» – gammal saltsei i lake. No er nettopp det ein delikatesse som vi bare sjelden får tak i. Og fersk sei blei hengt til tørk for å bli nydelig «boknafisk». Ikkje alle heimane brydde seg om steinbit, men ho mor laga så velsmakande biff av nettopp den slags fisk. Av ferskfisk laga ho både fiskekaker, fiskebollar og fiskegrateng, så fiskemiddagane kunne varieres ein god del. Overskotet av fiskelever blei også tatt vare på. Ved fjøsveggen, like ved slipesteinen, stod ei stor tønne med slik lever. Dette kaltes for graks. Her blei det produsert tran, som var eit viktig råstoff til maling av fjøs-veggane, iblanda malingspulveret engelskraudt. Til vindus- og dørinnramming brukte han sinkkvitt malingspulver. Det lukta litt stramt av denne malingstypen, så den blei aldri brukt på bolighus, men til uthus og fjøs var det i vanlig bruk.