Leiar i Norsk Målungdom, Fredrik Hope. Foto: Anna Sofie Ekeland Valvatne/Norsk

 

Landsstyret i Norsk Målungdom vedtok denne fråsegna 5. mai 2018.

Norsk Målungdom krev at dei samiske og kvenske namna på Noreg må verta offisielle. No forventar dei at kommunal og moderniseringsminister Monica Mæland får formalitetane på plass.

– Noreg er og har alltid vore eit fleirspråkleg område. Difor er det veldig bra at nynorsknamnet Noreg og bokmålsnamnet Norge har offisiell status og står saman på skilt langs storparten av riksgrensa. Men Noreg er meir enn Norge og Noreg, og det er på tide at dei samiske og kvenske namna på landet får same status, seier Fredrik Hope, leiar i Norsk Målungdom.

– Me tykkjer det er oppsiktsvekkjande og dessutan uakseptabelt at dei samiske og kvenske namna ikkje har ein offisiell status, seier målungdomsleiaren. Dei er difor glade for at Sametinget har teke tak i saka, og sendt krav til Kommunal- og modnerinseringsdepartementet om at dei samiske namna skal få denne statusen.

– Me vil gå lenger, og meiner at departementet ikkje må gløyme det kvenske namnet på Noreg – Norja. Språka nordsamisk, kvensk, sørsamisk og lulesamisk har ei offisiell rettskriving og eit normert skriftspråk, og har vore brukt her i landet lenge. Difor bør dei kunne nyttast på skilt og i offisielle samanhengar saman med nynorsk- og bokmålsnamna på landet vårt, seier Hope.

– No må Monica Mæland handle, og gje namna statusen dei burde hatt for lenge sidan, avsluttar Hope.

 

Norsk Målungdom er den største ungdomsorganisasjonen for språk i Noreg, og jobbar for dialektene, nynorsken og språkmangfaldet.