Øvervatnet i Elvevolldalen, foreviget i et maleri utført av Anna Hanssen fra Kvaløya. Maleriet er nå i Erik Heimlands eie.
(Foto: Kristian Letto fra Elvevoll)

 

Levende minner fra gamle dagers slåtte til fjells. Del 1.

 

Av Reidun Mellem

 

Forfatter Reidun Mellem. (Foto: Privat)

På vestsida i Storfjorden i Nord-Troms ligg ei vakker lita bygd som heiter Elvevoll. Det er min barndoms bygd. Den gongen var det i alt ni gårdar der, alle med husdyr og fjøs. Og her følgde folk den gamle kvenske skikken med utmarksslått langt oppe i dalen. Slåttemarkene nede i bygda var nok noe for knappe til den husdyrflokken dei ønska å ha, slik at det trengtes eit lite påfyll. Spesielt i år med redusert vekst på heimevollane var det viktig å ha denne ressursen å ty til. Og etter at slåttonna var unnagjort her, så drog bygdefolket så å seie i samla flokk oppover til utmarksteigane. Gjerne så seint som i slutten av august og tidlig i september. Dette var noe som hadde foregått gjennom lange tider. Ho tante Helga, som var fødd i 1910, ho fortalde at ho var med dit opp allereie då ho var småveikje, og ho huska også at dei hadde ein låve med torvtak der oppe, men at han ein vakker dag hadde ramla saman av seg sjøl. Det må vel bety at dette byggverket var av ganske høg alder, noe som også fortel at denne utmarksslåtten hadde fungert gjennom lange tider.

Fra bygda nede ved fjorden var det vel halvannen times gange oppover til slåttemarkene. Først gjennom forholdsvis slakt terreng den første halve mila, men så ei riktig bratt stigning oppover mot Nervatnet. Etter første brattkneika var Kvilarsteinen god å finne. Her tok folk seg alltid ei kvilestund, enno med utsikt nedover dalen og fjorden, over mot fjellrekka på den andre sida. Den første stigninga kalles Ner-Kjatsa, siste leddet trulig eit gammalt samisk namn, som det så langt har vore umulig å få ei norsk oversetting på. Mellom Nervatnet og Øvervatnet er det ei nokså kort, men svært bratt stigning som kalles Øver-Kjatsa, og her var det å klatre opp stien over småknausane langs fossen. Ikkje alle torde å ta den vegen. Ho Helga fortalde at mor hennes var så svimmel at ho måtte gå vekk fra elva og heller følgje hestetråkket oppover til neste vatn.

Det var sjølsagt eit godt stykke arbeid å gå opp til denne arbeidsplassen, ikkje minst fordi folk hadde så mye å bere med seg. Alt av mat, klede og reidskap måtte bli boren dit opp – og etter bruk bli boren ned igjen. Var hestane nede på gårdane, så fikk også dei ei bør på ryggen, men dei kunne ofte vere på frislepp oppe i dalen på dagane mellom dei to slåttonnene. Sekk på ryggen var løysinga, serleg for kvinnfolka, for noen av dei hadde bunding i hendene og strikka mens dei gikk. Garnnøstet låg då trygt bevart i forklelomma. Mannfolka hadde også sekk på ryggen – og dessutan reidskap i hendene: ljåer, river og øks. I lommene hammar og spiker, heinestein og snøre, samt børreband. Det sistnemnde for å kunne bere ned sekkar med halvtørt sennagras til fyll i komagane, som var vanlig fotplagg for både barn og voksne dengongen. Børrebandet måtte vere spesielt sterkt – og likevel litt mjukt for å fylle oppgåva si: Løkka måtte ligge framover brystet, endane over høysekkane på ryggen og deretter gå framover under armane og knyttes stramt i løkka på brystet. Då satt børa godt fast på ryggen alle unnabakkane nedover mot bygda.

Elvevoll og Elvevolldalen sett fra lufta. Innover i dalen ser vi henholdsvis Nervatnet og Øvervatnet. (Foto: Norgeskart)

Nedoverturen gikk alltid ganske lett, sjøl etter ein strevsam arbeidsdag. Det var oppoverturen som sleit på kreftene. Men etter ein dryg time var vi oppe på siste bratta, og da opna dalen seg langt innover. Først Øvervatnet, knapt ein kilometer langt og nesten like breitt. Bakom der grasvollane, som var delte opp i store område for dei eldste gårdane. Den høge Tverrbakken er lett å se, for den strekker seg tvers over heile dalen, og bortafor der er det kilometervis med rabbar og småbakkar innover mot dalbotnen – kor bratte fjell stig rett til vers, med blanke Blåisen som eit diadem om panna. Derifra kjem elva, som syng seg nedover mot fjorden og i dag skaffar reint og godt drikkevatn til mange bygder i området. Langt innover bakkane her hadde den svenske reindriftsfamilien Kuhmunen eit reingjerde, der dei samla flokken sin om hausten, før dei skulle reise tilbake til vinteropphaldet sitt heime i Sverige. Her merka dei kalvane, melka simlene og tok ut slakterein. Denne familien hadde hatt reinflokken sin på sommarbeite i her fleire generasjonar, heilt til dei norske myndigheitene i 1970-åra sa opp avtalen og ga området til samar fra Finnmark. Bygdefolket likte ikkje dette. Det hadde alltid vore slik god kontakt mellom dei og denne familien.

Norsk og finsk orv/ljåskaft tegnet av Alfred Reisænen. (Fra boken «Med bårstang «sapilaat» og «siipi»» Vestre Jakobselv utmarkslag, 1996)

Mellom slåtteteigane der oppe i dalen fantes det ikkje gjerder, men alle visste godt kor dei forskjellige gårdane hadde området sitt. Familien min hadde ein del av bestefar sitt stykke, vollane bakom Tverrelva og opp til toppen av Tverrbakken. Tverrelva kjem oppe fra Imovatnet høgt oppe i fjellet, like under Imotinden, som liknar på ei skinn-nål med skarpe kantar. På samisk heiter ei slik nål «ima», trur eg. Derfra kjem sikkert namnet til denne tinden. Og i berga oppe langs Tverrelva hadde engelske interesser hatt prøvedrift etter koppar ei tid før første verdskrigen. Far min, som var fødd i 1897, han huska godt at han som smågut hadde sett onkelen sin –han Peder-onka, som vi sa på kvensk – saman med andre karar komme ned fra arbeidet der oppe, berande på store steinprøver som skulle sendes til undersøking. Men noen koppargruve blei det aldri i desse berga. Sikkert for lite metallinnhald til ei stordrift.

Vi hadde leirplassen vår like ved elva og hadde laga til ei grue der. Brensel var det nok av i småskogen like ved. Her hadde vi alle måltida våre: brødmat – og kaffe til dei voksne, middag som her oppe oftast var spekesild og potet kokt i samme gryte. Visst smakte det godt! Seinare enno eit måltid – når arbeidet blei avslutta for dagen. Alle gårdane hadde kyr som gikk på beite nede i dalen, og dei måtte bli melka i noenlunde rett tid. Slåttearbeidet her oppe varte i fleire dagar, fortalde ho tante Helga, så mor hennes gikk heim for å ta inn kyrne og melke dei, og neste dag kom ho gjerne opp med nybakt brød. Det gikk med mye brødskiver i dei lange og hårde arbeidsdagane her. Dei andre overnatta helst oppe i dalen når veret var trygt. Då låg dei i høystaken under open himmel med eit teppe over seg. Det var så fint, sa ho: Elva rann stille nedover, på vollen gikk hesten med fotlenke og gnog i seg ferskt gras, og der låg vi i det mjuke høyet mens naturen stilna mot natt. Det var så fint. Og det kan eg så vel forstå.

Ho tante fortalde også om matstellet der oppe. Det bestod av brød, heimsmør, heimekokt gomme, ost og gjerne litt sirup. Til middag, som helst blei gjort i stand etter arbeidsdagens slutt, hadde dei spikkefisk og kokt potet. Eller at dei kokte grøt. Kaffe var det naturligvis fleire gonger for dagen, og til drikke elles hadde dei surmelk. Det blei samla i ei tønne heime på gården, og oppi der tømte dei eitpar bøtter med krøkebær, som det jo var mye næring i, meinte ho. Det veit eg var ein gammal finsk metode, og der brukte dei også krøkebær i grøten. Det meinte dei var ein nyttig ressurs.

Del 2 av Reidun Mellems beretning kommer i neste utgave av Ruijan Kaiku, nr. 5-19