Johan Edvard Dahlheim. (Foto: Privat)

 

Kvenen Johan Edvard Dalheim (1897–1981), portrettert av Reidun Mellem. Del 6: Heime igjen.

 

Reidun Mellem. (Foto: Privat)

Han far sette seg straks ned og skreiv brev til Krigsskadenemnda, at vi no hadde fått ei ku meir enn det vi trudde då erstatningsskjemaet blei fylt ut. Alt dette har eg fortalt om i boka «Norsk flyktningbarn i Sverige». Og så fikk vi til og med eit fredsbarn i huset, lillesøster Anne, som blei fødd 11. februar 1949. Då var vi ein søskenflokk på fem, men no hadde vi tre eldste allereie begynt å reise bort til skolegang og utdanning. Først eldstebror, som no hadde blitt løytnant i militæret, han drog til ingeniørutdanning i Trondheim, og dyktig som han var så endte han som overingeniør i Tromsø. Eldstesøster drog til Tromsø på sjukepleiar-utdanning, og sjøl fikk eg ein kjempetrivelig skolevinter på Solhov folkehøgskole på Lyngseidet. Og den våren då eg kom heim fra folkehøgskolen, då var det at vi fikk eit merkelig etterspel fra evakueringstida.

Lensmannsbetjenten kom ein dag på besøk. Heilt uventa. Kva han hadde for ærend? Jo, han kom med ei anmelding. Noen hadde anmeldt oss til lensmannen for å ha oppgitt tap av ei ku for mye i krigsskademeldinga vår! Far og mor blei forskrekka. Kva då med det brevet dei hadde sendt då han bestefar fortalte om ho Perla? Lensmannsbetjenten skulle naturligvis undersøke det. Men kven som hadde anmeldt oss – det ville han ikkje ut med. Namnet hans skulle holdes unna, hadde vedkommande sagt. På folkehøgskolen hadde vi denne vinteren mellom anna hatt førelesingar om lov og rett, og der hadde vi fått vite at om ein blei anmeldt av noen, så skulle ein også ha namnet på anmeldaren. Det sa eg til ho mor, og ho sa då fra til denne karen at om han no ikkje ville seie oss namnet på anmeldaren, så skulle vi straks ta det opp med høgare instansar. Då gav han seg og kom motvillig med namnet.

Det var ein gammalungkar i bygda, han som eingong fikk låne kobbestauren av far. Han var så vidt eg veit ikkje med i krigsskadenemnda, men hadde vel gode kontaktar der – som hadde latt han få innsyn i innsendte skjema. Han flytta seinare fra bygda, til broren sin som bodde lenger inne i fjorden. Han far brydde seg ikkje om å følgje opp dette. Men vi ungdommane syntes nok at ei anmelding for ærekrenking hadde vore på sin plass. Retten var så uomtvistelig på vår side i denne saka. No visste han far at han skyldte denne karen 10 kroner for noe revmat han hadde kjøpt av han, så derfor skyndte han seg å sende dei til han i posten – i tilfelle det kunne ha vore det som hadde utløyst alt dette. Sjøl bestemte eg meg no for å begynne på lærarskolen i Tromsø.

Deretter blei det studiar i norsk og historie på nærmaste universitet, som dengongen var i Trondheim. Derifra kom eg heim med kjærest, ingeniørstudenten Åge Mellem fra Sør-Odal, som seinare tok lærarutdanning og som så langt har vore ektemannen min i snart 58 år. Yngstebror kom på realskole på Lyngseidet, deretter landsgymnaset i Sørreisa, sersjantutdanning i militæret og universitetsstudiar i Tromsø og i England. Då var det fint å vite at foreldra våre hadde ei sprek, lita jente ilag med seg der heime. Og i tillegg gordonsetteren Toya, bekksvart fra hode til fot, heile familien sin kjæledegge. Men det var klart at foreldra våre måtte strekke seg langt for at vi skulle få den utdanninga vi ønska oss, og tallause pakkar med mat blei sendt oss i desse åra. Heldigvis var Statens Lånekasse for studerande ungdom kommen i gang, med rentefrie lån i studietida, men riktig ein klamp om foten då vi etterpå måtte ut med både renter og avdrag. Så må eg også nemne at då lillejenta blei stor nok, så drog også ho ut – til gymnas, lærarskole og universitetsstudiar.

I perioden 1949-1965 kom fire bryllup så å seie på rekke og rad – med påfølgjande familieliv og barnebarn til foreldra våre. Det femte bryllupet noen år seinare. Ein flokk på heile 19 friske og kjekke jenter og gutar stilte opp etter kvart, til stor glede for besteforeldra, som aldri glømte verken fødselsdagar eller jule-presangar og som sette stor pris på eit mylder av besøk i feriane. Enno ei tid kunne dei fortsette med husdyr og jordbruk. No var det blitt mulig med salg av melk til meieriet på Storsteinnes, så endelig kunne jordbruket gi litt fortjeneste til småbøndene i fjordane.  Men etter kvart blei det nødvendig å trappe ned. Eg var på besøk der heime den dagen han far leigde siste kua – ho som hadde overlevd evakueringa – ned til salgslagsbilen. Den dagen fikk seinare eit dikt eg har kalt for «Vond dag» og som sluttar slik: «På fjøsdøra satt så sikker ein lås./ Han heitte alderdom.» Men enno var det ei tid med innhaldsrike dagar: husstell, handarbeid, reparasjon av hus og gjerder, søndagsbesøk i den læstadianske forsamlinga, fisketurar på fjorden, besøk av barn og barnebarn.

Eg minnes det lette ganglaget hans far, tydelig å se også no, om enn i noe redusert tempo etter som tida gikk. Til byen ville han helst ikkje, i allefall ikkje overnatte der, endå tre av oss barna bodde der. Han var heimens og heimbygdas mann tvers igjennom, hørte liksom til i bordenden med kaffikoppen på voksduken og fager utsikt over bygda, fjorden og fjella, slik eg har sagt det i diktet «Gammelmannsprat». Då mor sine dagar var til ende, så ville han enno bo heime, for her hadde han selskap av vår morbror Nils, som hadde fått bo der heilt sidan han kom tilbake fra evakueringsreisa i 1945. Men då han måtte på sjukeheimen, så valde far å bo i byen i lag med yngstesøster Anne og familien hennes mens ho gjennomførte lærarutdanninga si. Men kvar helg drog dei heim med han – så sant det var farbar veg og føre. Og både ho og mannen hennes, han Kåre Eriksen, tok seg jobb i heimekommunen, og då kunne han far få oppleve å vere heime igjen. Han kjøpte seg nye, lette ski då han var 79 år gammal og gikk daglig små skiturar oppover dalen i lag med samojeden Sascha.  Og det gamle språket sitt glømte han aldri. Eingong vi var på tur nordover gjennom Sverige og Finland, så kom vi til eit stort vegkryss like utanfor Torneå.

Der blei vi litt usikre på kva for ein veg vi skulle velje, og då sa vi til han far at «her er det du som kan språket. No må du finne rett veg for oss inne hos dei finske tollarane.» Han gikk inn dit og snakka med dei på det   kvenske språket sitt, og kom så tilbake og forklarte oss kva som var riktig vegval her. Eg såg kor glad han var då, hadde til og med fått ein lett raudfarge i kinna. Så fint- og så viktig – hadde det vore for han å få bruke det gamle språket sitt – forstå og bli forstått.   På sine eldre dagar fikk han eit lite slag og miste førligheita i den eine foten,  men han stod på og trente seg opp igjen. Gikk og gikk med to skistavar over tunet – opp og ned mellom huset og fjøset. Om igjen og om igjen – i dagar og veker. Og jammen greidde han den bragden å få begge beina til å fungere alldeles bra! Dette var rett og slett ein stor seier!   Åndsfrisk og oppegåande var han heilt til det siste. Litt uti 80-åra fikk han ein hard og langvarig lungebetennelse. Legen greidde ikkje å stille korrekt diagnose, så han kom så altfor seint på sjukehus – der han døydde i august 1981 – 84 år gammal. Då skreiv eg dette diktet, som eg las opp i kjerka på gravferdsdagen hans:

 

Takk til far

Så har du vunne fram all strid er over du har gått fra oss inn til fredens hamn du som var med i alle våre dagar no har vi bare minne og eit namn

Det namnet var det første vi fikk lære dei mange år har vist kva det var verd at namnet far det rommer all den kjærleik den omsorg du har vist i all di ferd

Vi takkar deg for alt av godt vi minnes ei farshand sterk og fast da vi var små eit fang der det var trygt og godt å vere ein heim det støtt var gledelig å nå

Vi lærte arbeidsmot og arbeidsglede og meir enn det: vi lærte bønnens ord med deg og mor i kjerke og forsamling vi såg dykk knele ned ved Herrens bord

Du var ein fredens mann i alt ditt virke heim – heimbygd var deg kjærast her på jord her fikk du også leve dine dagar med fagert utsyn over fjell og fjord

No har du vunne fram all strid er over Den Herre Krist vil føre fram di sak så kvil då, kjære far, i Herrens hender til dagen som skal komme – Herrens lyse dag!

Då vi noen dagar etterpå skulle rydde soverommet hans, så fann vi jo salmeboka som han alltid hadde liggande på nattbordet sitt. Vi såg då etter om vi kunne finne eit bokmerke eller ein brett på noen salme – av dei han likte best. Og vi fann eit merke: eit hjørne på eit blad var så tynt og utslitt at det var blitt gjennomsiktig som blonder. Det var merke for salmen «Guds ord det er vårt arvegods». Den salmen kunne han nok utenat, men her hadde han altså slått opp og lest om og om igjen. Den gamle, kjære Grundtvig-salmen hadde nok vore ein viktig del av kveldsbønna hans gjennom mange år:

Guds ord, det er vårt arvegods,  Det våre barns skal være;  Gud, gi oss i vår grav den ros  Vi holdt det høit i ære!  Det er vår hjelp i nød,  Vår trøst i liv og død;  O Gud, hvordan det går,  La dog, mens verden står  Det i vår ætt nedarves!

 

Johan Edvard Dalheim med kona Magna Hilleborg, pikenavn Pedersen. (Foto: Privat)