Wales. (Illustrasjon: Google maps)

 

Det er lett å tenkje at språksituasjonen i Noreg, med to offisielle skriftspråk og fleire nasjonale minoritetsspråk, er spesiell. Men dei fleste land har eit stort språkmangfald som vi kanskje ikkje veit så mykje om. I Storbritannia finst ei rekkje språk med lange tradisjonar i landet i tillegg til engelsk – eitt av dei er walisisk.

 

Nicolai Egjar Engesland

 

Nicolai Egjar Engesland. (Foto: UiO/Privat)

Walisisk står på agendaen når Mark Drakeford, fyrsteministeren i Wales (Prif Weinidog Cymru), vitjar Språkrådet den 19. mai. Han ynskjer mellom anna å diskutere språksituasjonane i Noreg og Storbritannia. Korleis kan ein sikre status og vern for minoritetsspråka? Korleis kan ein lyfte språkmangfaldet? Desse spørsmåla er like aktuelle i Storbritannia som i Noreg.

– Dei keltiske språka som framleis blir snakka i Storbritannia, vart verna av minoritetsspråkpakta i 1992. Men oppfølginga har ikkje alltid vore tilfredsstillande, seier Nicolai Egjar Engesland, som er postdoktor i irsk filologi ved Universitetet i Oslo / National University of Ireland, Galway og fagansvarleg for keltiske språk i Store norske leksikon.

– Storbritannia husar framleis omkring ti språk med lang tradisjon i landet: engelsk, skotsk-gælisk, irsk, walisisk, kornisk, manx, angloromani, shelta, skotsk og britisk teiknspråk. Blant desse er kornisk og manx gjenoppliva, medan dei andre har ein samanhengande tradisjon i området. Walisisk er nok det språket som står sterkast blant desse ti, etter engelsk, seier Engesland.

Eiga språklov i Wales

I Noreg fekk vi ei heilskapleg språklov 1. januar i år. Lova skal styrkje norsk språk og ta vare på minoritetsspråka våre. I Storbritannia er språkpolitikken delegert til dei ulike administrasjonane. For eksempel vedtok Skottland den gæliske språklova i 2005, og Wales har den walisiske språklova frå 1993.

– Lova gjev folk i Wales rett til å bruke det walisiske språket, og ho slår fast at det ikkje skal vera mindre gunstig å bruke walisisk enn engelsk. I praksis tyder det at enkelte offentlege organ må tilby tenester på walisisk, publisere tekstar på båe språk og bruke walisisk i kontakt med dei borgarane som ynskjer det, seier en talsperson for den britiske ambassaden i Noreg.

Kan walisisk brukast på alle område i samfunnet i Wales?

– Ja. Alle barn lærer walisisk til dei blir 16 år. Somme går på engelskspråklege skular og lærer walisisk som andrespråk, andre går på walisiskspråklege skular der walisisk blir brukt i all undervisning. Lova frå 1993 gjev folk rett til å bruke walisisk i rettssalen. Enkelte organ skal tilby tenester på walisisk, og dei skal ta omsyn til språket når dei utformar politikk, sier talspersonen.

Press frå engelsk

Nicolai Egjar Engesland fortel at walisisk har hatt ein framgang i siste halvdel av 1900-talet med tanke på sosial status, og språket har ein sterkare posisjon i skulen og i media enn tidlegare. Mellom anna har støtta til walisiskspråkleg fjernsyn (Sianel Pedwar Cymru) gjennom BBCs lisensavgift nyleg auka frå 74,5 til 88,8 millionar pund.

Men sjølv om walisisk har eit vern i Wales, har ikkje språket nokon spesiell status i resten av Storbritannia, seier Engesland.

– Walisisk er det dominerande språket berre i delar av Wales, særleg i nord og sørvest. Kjennskapen til walisisk er avgrensa utanfor Wales, men språket blir brukt i ein viss grad også i England. Dei områda der walisisk står sterkast, er gjerne dei områda som står svakast økonomisk. Denne situasjonen finn vi att i Skottland, Irland og Bretagne.

Eitt av føremåla med den norske språklova er å syte for at norsk kan brukast på alle område i samfunnet, og at vi ikkje skal bruke meir og meir engelsk i ulike sektorar. Problemet med press frå engelsk og domenetap er like aktuelt i Wales som i Noreg.

– Dei aller fleste walisisktalande er i stand til å prate engelsk. I Noreg er vi redde for framtida for norsken i møte med engelsk. I Wales og Irland har den engelske trusselen hatt ein heilt annan valør i lang tid, og det er ein reell fare for at språka mistar brukarar og blir brukt i færre domene. Eit anna problem er at svært mange har lært walisisk som andrespråk. Dimed meistrar dei språket berre til ein viss grad og gjerne med påverknad frå engelsk. Denne problemstillinga er felles for alle dei moderne keltiske språka, seier Engesland.

Walisisk for den språkinteresserte

Moderne walisisk er et britannisk (‘britisk’ ville være mer korrekt) språk som er nært beslektet med bretonsk (Bretagne) og det døde språket kornisk (Cornwall, England). Kornisk døde ut på 1700-tallet, mens walisisk og bretonsk fortsatt er levende språk. Bretonsk er derimot ikke et offisielt språk i Frankrike, men er anerkjent som et ‘regionalt språk’.

De britanniske språkene utgjør sammen med de gæliske språkene (irsk, skotsk-gælisk og manx) den keltiske språkfamilien, som før vår tidsregning fantes over store deler av det europeiske fastlandet. I dag finner vi dem kun i den vestlige periferien ved Atlanterhavet.

Et trekk som vi finner i alle de levende keltiske språkene, er såkalt fremlydsmutasjon. Én variant (lenisjon) kan sammenlignes med de såkalte ‘bløde konsonanter’ langs Sørlandskysten, der ‘p’ (‘pipe’) blir uttalt som en ‘b’ (‘pibe’) når den står etter en vokal. I walisisk finner vi liknende fenomen, men ved ordets begynnelse. For eksempel blir det walisiske punt (‘et pund’) til bunt etter preposisjonen am: am bunt (‘for et pund’). På liknende vis blir gardd (fra norrønt garðr) til ardd etter bestemt artikkel: gardd ‘hage’, yr ardd ‘hagen’, der /g/ forsvinner helt i uttale.

Vi finner også andre lydforskyvninger i walisisk, som nasalmutasjon. Et par eksempler: yng ngardd ‘i en hage’ (/ŋarð/); yng Nghaerdydd ‘i Cardiff’ (Caerdydd). Slike endringer i uttale som er avhengig av (fonetisk) kontekst, er nokså vanlig (vi finner for eksempel paralleller i de italienske dialektene i Toscana og Sardinia), men det er uvanlig at de blir del av det grammatiske systemet som i de keltiske språkene.

Systemet av fremlydsmutasjoner er en særlig utfordring for den som lærer språket, ikke minst fordi en viss kjennskap til det grammatiske systemet er en forutsetning for å kunne slå opp i ordboken – betydningen av ardd og ngardd ovenfor finner vi kun under oppslagsordet gardd.