Mållaget viser blant annet til dette kartet. Det er fra Kåfjord i Troms og viser et trespråklig område med både samiske (grønne), kvenske (lilla) og norske (røde) stedsnavn. Alle språkene egner seg godt som adresse-/vegnavn, skriver de. (Skjermbilde: norgeskart.no)

 

Gate- eller veiadresser på to eller tre språk bør bli tillatt, mener Troms og Finnmark mållag i dette debattinnlegget.

 

Kartverket har det siste tiåret gjennomført eit større adressenamn-prosjekt der alle matrikkeladressane i Noreg skal få eiga vegadresse (adressenamn). Alt tidleg i dette arbeidet dukka det opp spørsmål i Nord-Noreg om å få to- eller trespråklege adressenamn (norsk, samisk, kvensk). Først ute var Tana kommune som i 2010 ønskte trespråklege adressenamn (vegnamn).

Statens kartverk konkluderte med at det berre burde tildelast eitt adressenamn (brev 28.02.2011). Dette støtta Miljøverndepartementet i svaret sitt til Tana: «Miljøverndepartementet er enig i denne vurderingen. Vi vil derfor ikkje ta initiativ som åpner for bruken av parallelle namn på fleire språk som offisielle veinavn – verken generelt eller i bestemte kommuner» (brev 7.3.2011).  Og sia den tida har vegleiaren for adressenamn nekta for fleirspråklege namn: «Det betyr at kommunen må tildele ett offisielt adressenavn på det skriftspråket kommunen velger, jamfør matrikkelforskriften § 51 første ledd. Hvilket språk kommunen velger kan variere fra tilfelle til tilfelle.» (Kartverket på nett: «Flerspråklige adressenavn»).

Som namnekonsulent for norske stadnamn i Nord-Noreg i åra 2012-2017 tok eg denne saka opp på kvart samrådingsmøte vi hadde. Samstundes tilrådde vi heile tida kommunane om å vurdere samiske og kvenske adressenamn der det var aktuelt. Men sia berre eitt adressenamn etter regelverket kunne vedtakast, gjorde alle kommunar vedtak om norske namn der det kom opp spørsmål om parallelle adressenamn. Det er forståeleg at majoritetsspråket «seira», men språkpolitisk uforståeleg at det skulle og skal vere slik.

Det er rett nok eitt heiderleg unntak frå dette. Narvik kommune har vedtatt eit tospråkleg namn:  Vassdalsveien / Áravuomebállgis. Det er komme på kart og skilt. Fleire kommunar bør følgje deira eksempel, det har til no ikkje fått negative konsekvensar for Narvik. Og det har ikkje vore problem verken med feilkjøring eller anna i denne vegen, heller tvert om.

Ifjor haust (nrk 8.9.20) dukka spørsmålet opp med full tyngde når Kåfjord kommune bad om å få bruke trespråklege namn. Språkleg identitet var avgjerande for kommunen. Og her ligg kjerna i saka. Adressenamna er dei nye stadnamna, som ofte erstattar gamle stadnamn som har blitt brukt i lang tid for å fortelje kor ein bur. Derfor bør ein slå ring om den språklege identiteten som desse adressenamna gir. Argumenta imot fleirspråklege namn er så få, tynne og utslitte at det er på høg tid å gje dei på båten.

Den ansvarlege ministeren bør derfor straks gripe fatt i denne saka og få ho på rett spor. Fleirspråklege adressenamn bør no bli tillatt.

 

Magne Leon Heide,
leder, Troms og Finnmark mållag